Bildet er hentet fra ARK Bokhandel
1 tilbud
Lenkene er affiliate-lenker. Prisgrafen kan motta provisjon når du klikker deg videre – det påvirker ikke prisen du betaler.
Beskrivelse
Maten som smakar best og betyr mest I Evig fysen deler Hans og John 64 utvalde oppskrifter. Her får du alt frå fleskepannekaker og komler til phở, sommarrullar, pekingand, lasagne og pistasj-pannacotta. Oppskriftene er henta frå tre heimar: Hans sin vestlandsheim, John sin kantonesiske og vietnamesiske heim, og ein ny heim som dei to sambuarane har skapt saman. I boka møtest oppvekst, reiser og restaurantbesøk på eitt og same matbord. Forfattarane deler også historia om å finne seg sjølv og å finne kvarandre. Om å gå frå å vere lukka og gøymde til opne og synlege. Med mat som viktig ingrediens. Hans Ola Hevrøy (f. 1989) og John Ngan (f. 1990) står bak den populære Instagram-kontoen fysen på, der dei deler oppskrifter og utforskar nye smakar saman.
