Kanelbutikkane og andre forteljingar

Bildet er hentet fra ARK Bokhandel

Kanelbutikkane og andre forteljingar

Laveste pris nå 167 kr 279 kr hos ARK Bokhandel
Gå til butikken
EAN
9788279593539
Antall tilbud
1

Laveste pris siste 6 måneder

Pris nå 167 kr
Laveste pris noensinne 167 kr
Høyeste 254 kr

1 tilbud

Lenkene er affiliate-lenker. Prisgrafen kan motta provisjon når du klikker deg videre – det påvirker ikke prisen du betaler.

Beskrivelse

Bruno Schulz (1892-1942) blir rekna som ein av dei fremste polske forfattarane i det tjuande hundreåret. Forutan nokre enkeltståande noveller, brev og kritikkar, gav han berre ut to verk medan han levde. Den særeigne stilen og forteljemåten til Schulz har blitt samanlikna med Franz Kafka og Marcel Proust og har påverka polske forfattarar heilt fram til i dag. «Kanelbutikkane og andre forteljingar» skildrar det jødiske miljøet i den no ukrainske byen Drohobytsj, sett frå barndommen til forfattaren og med faren Jakub som midtpunkt. Utvalet i boka består av 15 noveller frå den originale samlinga «Kanelbutikkane» (1934) i tillegg til «Undula», ei tidleg novelle gitt ut under pseudonym. Denne teksten blei først oppdaga i 2019. Schulz skreiv i eit landskap mellom røynd og draum og frå eit område som har høyrt heime både i aust og vest, ein kulturell smeltedigel, ein plass for store politiske omveltingar og stadig skiftande grenser. Han stod med eitt bein i den vestlege modernismen og det andre i den jødiske kulturarven.Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.