Plate-trilogien

Bildet er hentet fra ARK Bokhandel

Plate-trilogien

Laveste pris nå 269 kr 449 kr hos ARK Bokhandel
Gå til butikken
EAN
9788205559691
Antall tilbud
1

Laveste pris siste 6 måneder

Pris nå 269 kr
Laveste pris noensinne 269 kr
Høyeste 408 kr

1 tilbud

Lenkene er affiliate-lenker. Prisgrafen kan motta provisjon når du klikker deg videre – det påvirker ikke prisen du betaler.

Beskrivelse

«Frå klokkargarden kunne ein sjå langt utover Grue og følgje Glåma breid og blank eit godt stykke gjennom dalen. Lendet på austsida var pannekakeflatt, Glåma hadde vaska over det i årtusner, stått som Nilen i Egypt over det mange vårar. Grøvi ut jord og sand ein stad, og lagt det frå seg att ein annan. Lenger aust tok lendet til å skråne oppover, vart skogvekst og steinet. Bergesida vart denne delen av bygda kalla. Her låg store gardar i rad og rekke. Gruset, Bårdrud, Tordrud, Mosegrein, Berger. Gardar som bar soga si i namnet. Ved Berger kom Finnvegen ned, frå skogen heilt ved svenskegrensa. Finnvegen vart den kalla frå den tid finnane kom til grenseskogane, men vegen var eldre enn som så, mange meiner heilt frå steinalderen.»Med denne innleiinga til romanen Johannes teiknar Åsta Holth landskapet og folket som ho reiste eit varig, historisk monument over i diktinga si. Mest kjend er ho for Finnskog-trilogien, men trilogien om morsslekta Plate som kom frå Tyskland på 1600-tallet, ruver og i forfattarskapen.I lange, historiske sveip følger vi skjebnane til gullsmedsveinen Berent Platt i Kristiania (Gullsmeden, 1958), sonen Johannes Plate som blir kapellan og sokneprest i Enebakk (Presten, 1971) og til slutt Johannes, som opplever ei omvendt klassereise og ender som husmann på Finnskogen (Johannes, 1975). Boka har etterord av Terje Tønnessen.