Riv meg frå alt som held meg tilbake

Bildet er hentet fra ARK Bokhandel

Riv meg frå alt som held meg tilbake

Laveste pris nå 429 kr hos ARK Bokhandel
Gå til butikken
EAN
9788234017742
Antall tilbud
1

1 tilbud

Lenkene er affiliate-lenker. Prisgrafen kan motta provisjon når du klikker deg videre – det påvirker ikke prisen du betaler.

Beskrivelse

Nessa utanfor Stavanger, året er 1850. Nils har eigen gard og stor familie og er spart for armoda som breier om seg. Likevel kjenner han ei dragning mot noko nytt, mot Amerika. Han er overtydd om at han har fått eit kall, og bestemmer seg for å reise. Attende på garden står Margrete og dei seks barna deira, som no må klare seg sjølve. Ho er ikkje villig til å reise frå alt dei har bygd opp saman, frå familie og skyldfolk og dei tre små på kyrkjegarden.I New York kjem Nils i kontakt med folk frå mormonrørsla som overtyder han om å følgje dei til Salt Lake Valley, ei reise som tar fleire månadar. Dei store og dramatiske hendingane Nils kjem ut for, skal kome til å endre livet hans for alltid.I mellomtida er Margrete i ferd med å finne attende til Faltin, som hadde eit godt auge til henne før ho gifta seg med Nils. Kanskje er det mogleg å finne kjærleiken på nytt?Rotnorsk bondekultur står mot den nye amerikanske draumen i første bandet av denne historiske romantrilogien, som tar for seg eit nokså ukjent kapittel i norsk historie, dei første norske mormonane.