Swanns kjærleik

Bildet er hentet fra ARK Bokhandel

Swanns kjærleik

Laveste pris nå 197 kr 329 kr hos ARK Bokhandel
Gå til butikken
EAN
9788279593652
Antall tilbud
1

Laveste pris siste 6 måneder

Pris nå 197 kr
Laveste pris noensinne 197 kr
Høyeste 299 kr

1 tilbud

Lenkene er affiliate-lenker. Prisgrafen kan motta provisjon når du klikker deg videre – det påvirker ikke prisen du betaler.

Beskrivelse

Forfattarskapen til franske Marcel Proust (1871–1922) er ein nave i moderne litteratur verda over. Hans gigantiske roman «På sporet av den tapte tid», som kom ut i femten bind frå 1913 til 1927, har blitt eit uomgjengeleg referansepunkt for alle boklesande. Augneblinken då hovudpersonen dyppar ein madeleine-kake i teen og blir utsett for det ein kallar eit ufrivillig minne, har i seg sjølv blitt ein ikonisk augneblink i moderne idéhistorie. Generelt sett er Prousts store verk éin stor roman, med eit unnatak: «Swanns kjærleik», som er ein lang digresjon og i stor grad står på eigne bein. Forteljinga er blant dei mest kjende kjærleikshistoriene i verdslitteraturen, og er ein fin inngang i den store forfattarskapen og er i fleire land utgitt som eige verk. Den intense historia om korleis levemannen Swann steg for steg forvillar seg inn i ei kjærleiksaffære, har alt som følgjer med av lengsel, havesjuke, sjalusi, svik, sjølvplaging og den underliggande undringa på om det verkeleg går an å kjenne eit anna menneske.Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.