Tolv dagar i april

Bildet er hentet fra ARK Bokhandel

Tolv dagar i april

Laveste pris nå 449 kr hos ARK Bokhandel
Gå til butikken
EAN
9788234017551
Antall tilbud
1

1 tilbud

Lenkene er affiliate-lenker. Prisgrafen kan motta provisjon når du klikker deg videre – det påvirker ikke prisen du betaler.

Beskrivelse

Kvar vår dreg odelsjenta Johanne Nyborg frå Oslo til familiegarden på Vestlandet for å hjelpe mor si i lamminga. I boka Tolv dagar i april tek ho lesaren med inn i fjøsen, der ho gjennom tekst og bilete skildrar den vakre og brutale lammingsperioden. Johanne utforskar òg forholdet til mor si, til garden ho voks opp på, og den indre dragkampen mellom bygd og by. I dag lever ho det livet ho ein gong ønskte seg, men under overflata ligg uvissa om kvar ho skal ende opp. Vil ho bli verande i byen, eller vil ho vidareføre arven på garden? Johanne Nyborg (f. 1994) er fotograf og biletkunstnar. Ho kjem frå bygda Berle i Bremanger kommune, men har budd og arbeidd i Oslo i over eit tiår. Tolv dagar i april er hennar første sakprosabok.