Vener av Bernhard

Bildet er hentet fra ARK Bokhandel

Vener av Bernhard

Laveste pris nå 179 kr 299 kr hos ARK Bokhandel
Gå til butikken
EAN
9788279593683
Antall tilbud
1

Laveste pris siste 6 måneder

Pris nå 179 kr
Laveste pris noensinne 179 kr
Høyeste 272 kr

1 tilbud

Lenkene er affiliate-lenker. Prisgrafen kan motta provisjon når du klikker deg videre – det påvirker ikke prisen du betaler.

Beskrivelse

Annemarie Schwarzenbach (1908–1942) var del av ein ung, fritenkande generasjon kunstnarar i etterkrigstidas Europa. Sveitsaren var blant dei første forfattarane som våga å skrive skeiv litteratur og fekk svært god mottaking i si tid. Romanen «Vener av Bernhard» er ei reise tilbake til dei frie 1920-åra der alt verkar å blomstre, medan det ulmar under overflata. I romanen møter vi unge Bernhard, som er elska av venene rundt seg. Han er mild og god og ein inspirasjon for dei meir eksentriske, meir eller mindre knekte personlegdommane omkring han. Vi følgjer den unge kunstnarvenegjengen gjennom Europa og blir med til Paris, Berlin, Lugano og Firenze – fristadar for kunstnarar og dei som samtida såg på som avvikarar. Schwarzenbach skriv fram eit miljø der kjønnsroller går i oppløysing og menneske står friare i møta med kvarandre. Boka krinsar rundt tema som kjærleik, venskap, homoseksualitet, fridom, men også lengsel etter tryggleik og det å høyre til. Romanen er i dag sett på som eit sentralt verk i den moderne, skeive verdslitteraturen og det å høyre til. Annemarie Schwarzenbach døydde ung, og familien hennar, som sympatiserte med nasjonalsosialistane, la lok på forfattarskapen hennar, og mange av bøkene hennar vart destruerte. Først i 1980-åra blei ho oppdaga på nytt og blir i dag lovprisa som ein uredd feminist og ein tidleg frontfigur for kampen for eit fritt liv på tvers av normer for kjønn og seksualitet.Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.